Fire førarar meldt til politiet

Onsdag og torsdag hadde Statens vegvesen kontrollar på Nordfjordeid.

Statens vegvesen hadde onsdag og torsdag kontrollar.   Foto: Arkiv

Nyhende

Torsdag var det kontroll av lette køyretøy og bilbelte på Nordfjordeid. Statens vegvesen hadde 17 køyretøy inne på kontrollplass, og kontrollerte 17 køyretøy. Det resulterte i at fire førarar vart meldt til politiet. Ein førar fekk gebyr for manglande bruk av hjelm. Ein førar fekk også gebyr for manglande dokument, medan ein førar måtte rydde i frontruta før vidare køyring.

Onsdag hadde Statens vegvesen også kontroll på Nordfjordeid. Dette var kontroll av lette køyretøy og bilbelte, og til saman 310 køyretøy vart kontrollert. Under denne kontrollen var det ein førar som fekk gebyr for mangel på dokument, medan fire fekk mangellappar grunna tekniske manglar.