Fjord1 kvartalsresultat

Nedgang i resultat og omsetnad

Fjord1 melder om stabil drift i 1. kvartal 2019 trass i nedgang i omsetnad og resulat.

Frå 2020 vil Fjord1 operere meir enn 30 elektriske fartøy, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1. Her frå dåpen av MF Gloppefjord og MF Eidsfjord.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Fjord1 fekk eit resultat før skatt på 18 millionar kroner i første kvartal av ein omsetnad på 640 millionar kroner. Nedgangen i omsetnad og resultat samanlikna med 2018 er som venta og skuldast avvikling av tre trafikktunge samband i 2018, oppstart av to nye samband, samt førebuing til oppstart av totalt ni nye samband som Fjord1 skal operere frå 01. januar 2020.

Selskapet har starta opp fire nye ferjekontraktar i første kvartal. Det er tatt levering av to miljøvenlege fartøy for drift av sambandet Hareid-Sulesund.

Drifta i første kvartal er gjennomført etter plan med ein driftsregularitet på 99,82%.

Spesielt år

–Som tidlegare annonsert vil 2019 bli eit spesielt år for Fjord1 med særs høg aktivitet og med førebuing til oppstart av nye anbodskontraktar i 2020 med krav til låg- eller nullutslepp og miljøvennlege fartøy. Det er gledeleg å sjå at vi er godt i gong med å elektrifisere flåten vår. I 2018 tok vi imot sju el-nybygg. Vi har tatt levering av to fartøy så langt i år, og planlegg å ta levering av ytterlegare 14 fartøy i 2019. Frå 2020 vil Fjord1 operere meir enn 30 elektriske fartøy, melder Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1, i ei pressemelding.

Selskapet har passert ein viktig milepæl innanfor reiselivssatsing ved stifting av Vy Fjord1 Reiseliv AS i samarbeid med Vygruppen AS