Inviterer cruiseturistar til barndomsheimen

Når det første cruiseskipet, AIDAperla, klappar til kai ved seawalken på Nordfjordeid 21. mai, står Marit Sandnes Skrede klar med natronkaker, sveler og potetkaker i Tyvelhuset på Skårhaug for å ta i mot den første gruppa turistar.

NYRESTAURERT TYVELHUS: Flytt til Skårhaug frå Leikvin i 1840 og no satsar Marit Sandnes Skrede på cruiseturistar.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

Opplegget vil vare i rundt to timar, og ho vil berre ta i mot førehandstinga grupper frå cruiseskipa.

Nyhende

Marit Sandnes Skrede fortel oppglødd at ho no endeleg kan realisere ein gamal draum: få gjort i stand det ærverdige huset som har vore i familiens eige i rundt 150 år, og ta i mot gjestar. Ho gler seg til å servere velsmakande kvardagsmat, treffe folk frå nærast heile verda og få vise fram barndomsheimen og alt det spanande av gamle ting i huset som er tekne godt vare på.