Tog og tradisjonar gjennom generasjonar på Eid

Glimt frå 17. mai før

Kvar skal toget gå på 17. mai? Alltid ein kjelde til diskusjon, og gjennom historia har det vore tog med varierande ruteval i Eid sentrum.

Barnetoget i Eid sentrum har hatt ulike ruter opp gjennom tida. I 1949 gjekk det frå sjukehuset, gjennom Prestealléen ut til gamleheimen og til Plassen. Dette bildet er truleg frå 1950-talet med Leidulf Hafsmo som fotograf.   Foto: Eigar av bildet: Lars Hafsmo

Nyhende

I år er det bestemt at barnetoget i Eid sentrum skal få ny rute. Det blir slutt på ein årelang tradisjon om å gå opp til sjukehuset, i staden skal toget «berre» gå opp til Hogatunet og Eid eldretun.