Vil til Briksdalen og Geiranger

Cruiseturistane vel tradisjonelt

På førehand er det 600 cruiseturistar som har bestilt utflukter/turar ut frå Nordfjordeid, frå cruiseskipet Aida Perla som tysdag legg til seawalken. Mellom dei turar Briksdalen og Geiranger.

Med Eid som utgangspunkt kan cruiseturistane velje mellom turar både til aust og vest. Så langt er dei likevel dei trygge og tradisjonelle turistmåla som dominerer bestillinga av turar.   Foto: Arkiv

Nyhende

Cruiseskipet Aida Perla legg 17. mai ut frå hamna i Rotterdam i Nederland. Dagen etter skal skipet innom Hamburg før det set kursen mot Norge, Vestlandet og Bergen. Måndag 20. mai kjem Aida Perla til Bergen, og 21. mai til Nordfjordeid.