1,55 mill ekstra til helsestasjon og skulehelseteneste i Eid

Eid kommune har fått tildelt 1,55 millionar kroner frå Helsedirektoratet til å styrke helsestasjons- og skulehelsetenesta. Midlane skal nyttast til å auke kommunen sin kapasitet til å jamne ut sosial ulikskap i helse, og hjelpe barn og unge i kvardagen.

Eid kommune har fått tildelt 1,55 millionar kroner frå Helsedirektoratet til å styrke helsestasjons- og skulehelsetenesta. Eid kommune vil mellom anna nytte midlane til å sikre at elevane har god tilgang til helsesjukepleiar.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Styrking av skulehelsetenesta og førebyggjande helsetilbod til born og unge er gull verdt for å skape eit godt oppvekstmiljø for alle born. Eg er glad for denne ekstra satsinga frå Regjeringa, der Venstre har vore ein viktig pådrivar. Det seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (Venstre), i ei pressemelding.

Eid kommune vil mellom anna nytte midlane til å sikre at elevane har god tilgang til helsesjukepleiar (tidlegare helsesøster) i skulekvardagen, både i grunnskulen og på Eid vidaregåande skule. Eid kommune har trappa opp desse tenestene vesentleg det siste året, og kan no halde fram denne satsinga også neste skoleår. Samtidig er det auka aktivitet på Helsestasjon for Ungdom.

18 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane får ekstra ressursar til helsestasjon og skulehelseteneste i 2019. Eid kommune får tildelt mest midlar saman med Førde og Sogndal.