Vegstenging i samband med tunneloppstart i Stryn

Arbeidet med ny Blaksettunnel på fylkesveg 698 i Stryn er no i gang. På grunn av sprenging og rydding blir vegen stengt i periodar fram til juli.

Ifølgje Statens vegvesen vert strekninga mellom Vegtun, krysset til rv.15, og Blakset, stengt i periodar fram til juli.   Foto: Arkiv

Nyhende

Arbeidet har starta på forskjeringa i aust, ved Robjørgane. Forskjeringane er angrepspunktet for tunneldrivinga. Steinmassar må sprengast og jord må ryddast vekk før ein kan lage eit påhogg og starte sjølve tunneldrivinga.

Forskjeringa går inn i fjellet like ved eksisterande veg, og for å kunne sprenge og rydde må vegen stengast i periodar på dag- og kveldstid. Robjørgane ligg på strekninga mellom Vegtun, krysset til rv.15, og Blakset. Vegen vil bli stengt i tidsrommet kl. 09:00-12:00, 13:00- 15:00 og 17:30- 21:00, frå måndag til og med torsdag, ifølgje ei pressemelding frå Statens vegvesen.

To tunnelar – eitt prosjekt

Bygginga av Blaksettunnelen og Flotunnelen på fv. 722 er samla i eitt prosjekt. Også på Flo er den første delen av tunnelarbeidet i gang, men i denne omgang får ikkje arbeidet konsekvensar for trafikken på eksisterande veg.