Snakka om dei vanskelege sakene

– Vi må tore å snakke om dei vanskelege sakene, sa Vigdis Heimdal Reksnes (SV) då kommunestyret handsama årsmeldinga for 2018.

Negativ sosial kontroll: Vigdis Heimdal Reksnes helt eit engasjert innlegg om negativ sosial kontroll. – Vi må tore å snakke om dei vanskelege tema, sa ho. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

–Det er ein hektisk kvardag for alle tilsette i Eid kommune. Personleg er eg glad for at eg både for bu i ein god kommune, og jobbe i ein kommune der eg har gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø. Sjølv om dei aller fleste lever gode liv i vår kommune, så er det også folk i vårt område som ikkje lever så frie liv som dei kunne ønskje. Negativ sosial kontroll er systematisk, og kan vere brot med både barnekonvensjon og norsk lov, sa Vigdis Heimdal Reksnes som fleire gonger i innlegget understreka kor viktig det er at ein aukar innsatsen mot negativ sosial kontroll.