Slik vert vêret på 17. mai

Det er berre nokre dagar til 17. mai, og vêret og temperaturane ser lovande ut i Eid og Selje.

17. mai ser ut til å bli ein fin dag både i Eid og Selje. Det ligg ann til å bli ein varm 17. mai, spesielt på Nordfjordeid. Trass i det, er det nok litt kaldt i sjøen enno.   Foto: Anna Wuttudal (Arkiv)

Nyhende

Komande fredag er det 17. mai, og ifølgje langtidsvarslinga til Yr ser det ut til at vêret vert bra og temperaturane skal auke. Yr kan melde at temperaturane onsdag og torsdag vil ligge på rundt 15 til 17 grader i Eid, og det ser ut til at det vert delvis skya. Fredag, som er den store dagen, vil temperaturen stige til rundt 24 grader. Det ser ut til at det vil vere delvis skya, og opplett gjennom fredagen.

Frå laurdag av ser det ut til at temperaturane kjem til å vere opp mot 25 grader. Det vil halde seg rundt desse temperaturane dei neste dagane.

Fint i Selje

Ifølgje Yr ser det ut til at det også vil vere opplett og delvis skya dei komande dagane i Selje. Men temperaturane vil vere noko lågare enn i Eid. Fredag, 17. mai, ligg det ann til å vere rundt 18 grader i Selje.