Kveldskontroll på Stadlandet, Selje og Flatraket

Statens vegvesen hadde måndag kveld kontroll i Selje, Leikanger og Flatraket.

Statens vegvesen kontrollerte måndag 38 køyretøy på Stadlandet, Selje og Flatraket.   Foto: Arkiv

Nyhende

Under kontrollen i Selje, Leikanger og Flatraket kontrollerte Statens vegvesen tungtransport, køyre og kviletid og kontroll av lette køyretøy. Til saman 38 køyretøy vart kontrollert under kveldskontrollen måndag.

Ifølgje Statens vegvesen fekk fire personar gebyr for manglande bilbelte. Det vart også utferdiga tre gebyr for dekk under lovleg minstemål, og fire mangellappar på fire køyretøy grunna tekniske manglar. Ein førar fekk åtvaring for brot på køyre og kviletida. I tillegg vart to køyretøy avskilta for manglande periodiskkontroll, og to førarar fekk gebyr for å ikkje ha medbrakt førarkort.