Årets russepresident ved Eid vgs

–Noko av det kjekkaste er at det er sosialt

Eidarussen har hatt ei kjekk og sosial russetid ifølgje årets russepresidenten ved Eid vidaregåande skule Håvard Kjøsnes.

Sosialt: Russetida for russen ved Eid vidaregåande skule er snart over. Det har vore ei sosial og kjekk tid, ifølgje russepresidenten Håvard Kjøsnes.   Foto: Olin Maria Yri

Å vere russ er noko vi har gleda oss veldig til.

Nyhende

Kvart år feirar avgangselevar ved vidaregåande skular rundt om i landet slutten på dei tre åra på vidaregåande skule og til saman 13 år med skule. Dette gjer elevane med russebukser, festing og sjølvsagt litt galskap. Som russepresident i år, er det Håvard Kjøsnes frå Haugen som har ansvaret for russen ved Eid vidaregåande skule. Trass i det tykkjer Håvard at det ikkje er så mykje arbeid med å vere russepresident.