Kommunestyret i Eid:

Valde St.Sunniva og Fjordhest

–Det vi no vert inviterte til å vedta er eit godt resultat av ein god prosess.

Sunniva og Hesten: Kommunestyret i Eid vedtok sist torsdag samrøystes å gå for Sunniva og Fjordhesten som motiv for kommunevåpen i Stad kommune. Kommunestyret i Selje må gjere liknande vedtak for at det blir dette motivet. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det sa Arild Nøstdal då Eid kommunestyre sist torsdag skulle bestemme seg for kva motiv kommunevåpenet for Stad kommune skulle ha. Det stod mellom to forslag. St. Sunniva og Fjordhesten, eller motivet som har blitt kalla båt. Kommunestyret valde samrøystes det første.