Utforkøyring på rv 15 ved Naustdal

Ein bil køyrde av vegen ved rv15 ved Naustdal i Eid måndag kveld.
Nyhende

Politiet melder at det har vore ei singelulykke, der ein bil køyrde av vegen. Førar kom seg sjølv ut av bilen og var bevisst.

Ulykka skjedde like etter klokka 22.00 måndag kveld, og naudetatane rykka ut. Føraren vart frakta bort med luftambulanse til sjukehus.

Ifølgje Fjordenes Tidende var det naboar som høyrde "eit fela brak" i samband med utforkøyringa og som melde frå til politiet om ulykka.

Bilen skal ha fått store materielle skadar, og riksvegen var stengd ei tid etter utforkøyringa.