Skipstunnel og Vestkapp

VIKTIG BRIKKE: – Eg har veldig god tru på ei god utvikling i Nordfjord. Sagastad er ei viktig brikke, seier Bjørn Lødemel, som er dagleg leiar i Sogn og Fjordane næringsråd.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

 

– Ei ny tid for Eid. Dette blir eit løft for alle, ein viktig del av ei større satsing, Sagastad ligg midt i løypa, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane næringsråd, Bjørn Lødemel. Han peikar på at Hoven er på plass. No er Sagastad på plass, og Selja ligg der. – No gjeld det å få på plass Stad skipstunnel og å utvikle Vestkapp som eit nytt Nordkapp. Det er kjempespennande tankar.

Lødemel fortel at turisme er ein av dei tinga som dei vil jobbe med i næringsrådet.

– Vi kjem til å henge oss på for å få realisert skipstunnel og Vestkapp. Vi kan presse på og støtte opp under gode tankar, seier han.



Styrkar satsinga «Alt i ein fjord»

–Eit tidsskifte



Sagastad må årleg ha 35-40.000 besøkande

Har investert 60 millionar










Statsråd Nybø opna Sagastad

Eventyret er i gang