Sagastad må årleg ha 35-40.000 besøkande

Har investert 60 millionar

Sagastad Drift vil vere ein lagspelar som samarbeider med reiselivet og næringslivet elles.

FORSMAK: Torsdag var det nøkkeloverrekking, omvising og underhaldning for inviterte gjestar, der mellom andre songarane i Eid mannskor underheldt. På festen vart det også servert spennande mat frå restaurant Aske.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

 

Styreleiar i Sagastad Drift, Kjell Storeide fortalde på opningsfesten at det er investert over 60 millionar kroner, i tillegg kjem verdien av tomta og alt arbeidet til alle dei som har bidrege med frivillig innsats. Av dette har Sagastad Drift investert 23 millionar kroner i skip og innreiing, i tråd med budsjettet.