Flotte konsertar i Sagastad

Kjell Braaten, Einar Selvik og Oselie Henden heldt konsertar i Sagastad i helga.

KONSERT: Fredag og laurdag var det fleire musikalske høgdepunkt i Sagastad. Vokalist i Wardruna, Einar Selvik, imponerte åleine med musikalske tolkingar av skalder og dikt då han heldt konsert fredag.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Under opningshelga av Sagastad var fleire nasjonale og lokale artistar invitert. Fredag strøymde publikum til då Kjell Braaten varma opp lokalet før Einar Selvik, vokalist i bandet Wardruna, entra Myklebustskipet, som var kveldens scene. Det var ein flott konsert med fin klang i lokalet og ei trolsk stemning. På slutten av konserten vart Selvik også invitert til å halde konsert ute på sjøen i Myklebustskipet av Solveig Midtbø.