17. mai utan rømmegraut på kyrkjetunet

Medlemmene i Kyrkjetunringen maktar ikkje lenger å halde oppe kafetilbodet på Eid kyrkjetun slik dei pleier 17. mai.

Det er frykteleg trasig, men vi kan ikkje halde på til vi stuper.

Marit Myklebust
Nyhende

I årets program for 17. mai på Nordfjordeid vert det opplyst om at det ikkje vert matservering på Eid kyrkjetun i år. Dette er trasig for alle dei som alltid har vore innom kyrkjetunet og kjøpt rømmegraut etter barnetoget og kyrkja.