Gjennombrot for miljøvenlege hurtigbåtar

Styrkar argumenta for Stad skipstunnel

– At vi no får klimavenlege hurtigbåtar på Vestlandet, styrkar også argumenta for Stad Skipstunnel, seier Venstre-politikar Alfred Bjørlo. 

Nyhende

– Dagens nyhende om at Regjeringa set av 25 millionar kroner til meir miljøvenlege hurtigbåtar er det avgjerande gjennombrotet for at vi kan få nye, miljøvenlege hurtigbåter mellom Nordfjord og Bergen.

– Dette er ein gledens dag både for klimaet og for framtidas moderne sjøtransport på Vestlandet. All honnør til Statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet og Venstre sin fylkesordførerkandidat i Vestland, Gunhild Berge Stang, som har jobba beinhardt for å få dette til.

Det seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid og Venstre sin ordførarkandidat i nye Stad kommune og fjerdekandidat for Vestland Venstre til fylkestinget.

Hurtigbåtene står åleine for halvparten av alle klimautslepp frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Snart skal ei ny hurtigbåtkontrakt lysast ut på rutene Sogn-Bergen og Nordfjord-Bergen. Med desse midlane frå Regjeringa blir det økonomisk mykje lettare for nye Vestland fylke å setje strenge miljøkrav til dei nye båtane.

– At vi no får klimavenlege hurtigbåtar på Vestlandet, styrkar også argumenta for Stad Skipstunnel, seier Alfred Bjørlo. – No veit vi at framtidas sjøtransport også blir bra for klimaet - då må vi no få rask bygging av Stad Skipstunnel slik at hurtigbåten kan gå heilt til Ålesund, seier Bjørlo, i ei pressemelding.