Sogn og Fjordane får 74 millionar kroner i spelemidlar

Kulturdepartementet har no fordelt spelemidlane for 2019. Sogn og Fjordane får i år 14 millionar kroner meir enn i fjor.

Spelemidlane bidreg til satsinga på idretts-, friluftslivs- og nærmiljøanlegg som går føre seg her i fylket. (Arkivfoto frå dugnad med legging av kunstgras ved Hjelle skule.)  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

– Dette er heilt fantastisk! Igjen set vi ein solid rekord, men dette var meir enn vi hadde tort å håpe på, seier rådgjevar for fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Atle Skrede i ei pressemelding.

Målretta satsing

–  Sogn og Fjordane er på åttandeplass på lista over tildelingar, og vi er det nest minste fylket. Det seier noko om den veldige satsinga på idretts-, friluftslivs- og nærmiljøanlegg som går føre seg her i fylket.

Det blir gjort ein stor jobb av kommunane, lag og organisasjonar. Og fylkeskommunen har jobba målretta for å auke engasjement og kompetanse.

Auke med 20 millionar frå 2017

– Det er gledeleg å sjå at det nyttar. Dette er pengar som kjem innbyggjarane våre til gode i form av til dømes fleirbrukshallar, symjehallar, turvegar og ikkje minst dagsturhyttene, seier Skrede på veg heim frå opninga av dagsturhytta på Moakamben i Årdal.

Sogn og Fjordane fekk 54 millionar i spelemidlar i 2017 og 60 millionar i 2018.