Embla 25 år

Gudmora senka «Anchor of peace» i Eidsfjorden

Kvinnefredsskipet Embla markerer sitt 25-årsjubileum i år. I Sagaparken på Nordfjordeid var det i ettermiddag ein høgtideleg seremoni der gudmor Astrid Nøklebye Heiberg deltok.
Nyhende

Kvinneskipet, fredsskipet, vikingskipet, kulturskipet, natur- og miljøskipet Embla vart sjøsett på Bjørkedalsvatnet 29. april 1994. Skipet vart døypt på Eid 24. mai 1994 av gudmor Astrid Nøklebye Heiberg og fekk namnet Embla, første kvinna i norrøn mytologi.