Cirkus Agora

Sirkusartist til sjukehus etter fallulukke

Cirkus Agora hadde tidlegare denne veka to framsyningar på Nordfjordeid.(Arkivfoto) 

Nyhende

NRK Møre og Romsdal melder at ein mannleg sirkusartist i Cirkus Agora er frakta til sjukehus etter ei fallulukke under ei framsyning i Molde. Ein publikummar skal også vere frakta til sjukehus med kuttskadar i hovudet.

Politiet har no avhøyrt sirkusdirektøren og politiets innsatsleiar på staden, John Henrik Mork, seier til NRK at dei no jobbar med å klarlegge kva som er ansvarsforholda på staden.