Helse Førde

Prehospital plan på høyring til hausten

Arbeidet med ny prehospital plan i Helse Førde tek lenger tid enn tenkt. Høyringsrunden kjem til hausten.

– Måten legevakttenestene blir organisert på i framtida, kan ha innverknad på korleis Helse Førde riggar ambulansetenesta, seier Arve Varden, adm.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

– Fleire faktorar gjer at vi må ha nokre månader til. Vi ønskjer å ha eit så godt grunnlag som råd før vi sender planen på høyring, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Mellom anna krev det meir tid å få på plass avklaringar kring pilotprosjektet der kommunar i Sogn og Fjordane skal prøve ut nye måtar å organisere legevakta på. Legevaktpiloten skal gje innbyggjarane i fylket lettare tilgang til legevakta, mellom anna med bruk av video.  På stader der det bur relativt få, skal sjukepleiar eller ambulansepersonell kommunisere med vakthavande lege og gjere nødvendige undersøkingar ved hjelp av video. Tanken er å bruke sjukeheimar eller ambulansestasjonar i kommunane.

Legevaktpiloten er eit samarbeid mellom 23 av kommunane i fylket, KS, fylkeslegen og Helse Førde.

– Måten legevakttenestene blir organisert på i framtida, kan ha innverknad på korleis Helse Førde riggar ambulansetenesta, seier Varden.

Også tilhøve kring båtambulanse krev nærare vurderingar. Mellom anna har det blitt prioritert å gjere avklaringar kring ny ambodsprosess for båtambulansane.

Tidlegare var planen at den nye ambulanseplanen skulle opp for styret i Helse Førde før ferien. Slik det ser ut no, kjem styret neppe til å handsame planen før i eitt av dei siste møta i år.

Administrerande direktør Arve Varden har orientert styret om at arbeidet blir utsett nokre månader. Helse Førde vil orientere om status i møte med regionråda i fylket før ferien.