- Opninga av ein draum

Å ha fått lov å vere med på reisa fram mot Sagastad dei siste åtte åra har vore eit eventyr, sa Eid-ordførar Alfred Bjørlo mellom anna i samband med opninga av vikingsenteret. 

Nyhende

- Velkomen - til opninga av ein draum. Draumen om å opne opp eit vindauge til Nordfjordeid for 1.150 år sidan - eit vindauge til ei tid vi kjenner best frå sagaen. Draumen om Sagastad.

De skal snart få høyre historia om korleis Sagastad har blitt til. De skal få sjå utstillingane, bli tatt med inn i sagaen og få gå ombord i det legendariske Myklebustskipet.

Eg kan love at de vil bli fylt med undring. At de vil kjenne suget i magen over historia vi lever midt i til kvardags - utan heilt å ha forstått dimensjonane i ho. Fram til no.

For funna frå vikingtida her på Nordfjordeid - dei er heilt spesielle. Vi snakkar ikkje om éin gravhaug, eitt skip. Vi snakkar om eit heilt område med gravhaugar og graver her i Nordfjordeid sentrum, på garden Myklebust, med nokre av dei rikaste og mest spennande funna vi kjenner frå vikingtida i heile Skandinavia.

Her er funne forseggjorte skrin og figurar, av keltisk opphav. Bein av eksotiske vesen som påfugl. Spelebrikker og leikar.  Karneolperler frå Kaukasus. Sverd og våpen av sjeldant høg kvalitet, laga i Sør-Tyskland. Mulige spor av volver - vikingtidas kvinner med magiske evner. Graver med dødshus som den døde vart lagt i. Barnegraver med våpen laga spesielt for barnehender. Kvinnegraver og mannsgraver i same gravhaug, frå ein periode som strekker seg over fleire hundre år, frå merovingartid til vikingtid. Lag på lag av mysterie - frå ei tid der manns minne ikkje strekk til, og forteljingane har runne ut i sand.

Og likevel: Også det heilt utrulege faktum at vi kjenner i detalj til korleis ei skipsgrav med eit brent skip - slik Rundehojen er - har blitt til. Ikkje gjennom arkeologiske funn i Noreg, men gjennom den persiske reise-skribenten Ahmad ibn Fadlan frå Bagdad sine krøniker frå 900-talet. Her skildrar han utførleg ei vikinggravferd der eit skip vart brent med ein konge om bord langs elva Volga. Ei skildring som punkt for punkt stemmer overens med funna som er gjort i Rundehåjen på Nordfjordeid, i grava vi trur gøymer Kong Audbjørn og Myklebustskipet.

Så lita, eller så stor, var verda på den tida då hovdingen på Myklebust vart gravlagd - i det største vikingskipet vi kjenner frå norsk historie. Han var ein verdsborgar - i ei grenselaus verd.

Og her står vi i dag. Klare til å opne dette vindauget til verda på nytt, 1.150 år seinare. Endeleg skal vi fortelje vår eiga historie, gjere ho til ein del av oss på nytt.

Eg tenkjer på Sagastad som vår vesle gåve til verda, for å fylle oss med undring og gjere oss litt klokare. Forstå at vi skal ha respekt for den utrulege historia vi sit på. Samtidig som det gjer oss tryggare på kven vi er, kvar vi kjem frå - og at vi trygt kan møte verda med eit ope sinn også i 2019.

Og så gler eg meg til kva Sagastad vil bety ikkje berre for Eid, men for heile Nordfjord og Vestlandet elles. For eit par år sidan opna Hoven Loen i Stryn - som eit reiselivsfyrtårn ikkje berre i nasjonal elitedivisjon, men i Champions League. No kjem Sagastad. I Gloppen ligg kulturskattane på rekke og rad. Ute på kysten ligg Kråkenes Fyr, Vestkapp og ikkje minst Selje Kloster på øya Selja - ei perle som berre ventar på å bli oppdaga  av verda. Midt i det vakraste landskapet du kan tenkje deg, i ein fjord som er kompakt og du kan reise lett gjennom - dei siste åra også med mat, drikke og opplevingstilbod av stadig høgare kvalitet.

Sagastad er for meg det perfekte døme på at stadutvikling, lokalsamfunnutvikling og reiselivutvikling kan gå hand i hand. Det er same vegen mot ulike mål. Med Sagastad har vi i Eid løfta i flokk. Vi har med Sagastad som utløysande element bygd ein heilt ny "bydel" mot fjorden - med parkanlegg, badestrand, store nye butikkområde, bustader i tillegg til bygget vi står i no. Samtidig er realiseringa av Sagastad uløyseleg knytt til at vi samtidig no blir cruise-destinasjon med ei flytande sewalk-kai:  Titusenvis av menneske kjem kvar sommar til å spasere i land i Nordfjordeid, for å sjå og oppleve tettstaden vår og livet vi lever her.

Det skal vi ikkje frykte. Dei vil oss ikkje vondt. Vi skal vere stolte, vi skal gle oss over det - og sjå moglegheitene det gjev oss for å tene pengar og utvikle oss vidare - finne vår plass i verdas største framtidsnæring - reiselivet.

For vi bur i ein Sagastad. Ikkje ein som har stivna, men ein som enno utviklar seg. Som held på å bli del av ein ny kommune, Stad kommune, og eit nytt fylke, Vestland.

Og som er ein del av noko større. Å ha fått lov å vere med på reisa fram mot Sagastad dei siste åtte åra har vore eit eventyr. 

Å takke alle dei som bør takkast på ein slik dag er så og seie umulig viss ein skal nemne namn. Vegen fram mot Sagastad har vore ein stafett som har gått over generasjonar, der mange har sprunge korte eller lange etapper - før vi som står her i dag har vore så heldige å få vere dei som krysser målstreken.

Takk til dykk alle. Takk for lagspelet. Takk for at vi får stå her i dag og opne ein draum. Velkomen til Sagastad.


Statsråd Nybø opna Sagastad

Eventyret er i gang