Dei fem store gravhaugane frå vikingtida

Vikingane er ein viktig del av historia til Eid. Storgarden Myklebust var eitt av dei rikaste og mektigaste hovudseta på Vestlandet i vikingtida.

Landskap: Illustrasjon av landskapet i vikingtida med dei fem store gravhaugane på Myklebust. Dei låg på kvar side av vegen. Rundehogjen og ein haug til venstre og Skjoratippen med dei to andre haugane med terrassekanten til høgre. I bakgrunnen gardstunet Myklebust. Ill. lånt av Eid kommune.  Foto: Ill. lånt av Eid kommune

Nyhende

Garden på Myklebust reknar ein med var eit maktsenter i Nordfjord i tida år 700–1000. Den sterke ætta som hadde setet sitt inst i Eidsfjorden hadde også imponerande gravhaugar. Det symboliserte makt, og ætta sine fem store gravhaugar var godt synlege frå fjorden og på land.