A-cappella i Eid kyrkje

Kvartetten Consonanz à 4 har reist rundt om i verda med a-cappella musikk. Komande laurdag skal dei ha konsert i Eid kyrkje saman med Ralph Cupper og Arne Sølvberg.

Kvartetten: Consonanz à 4 frå Tyskland held konsert i Eid kyrkje komande laurdag. I tillegg deltek organist Ralph j. Cupper og folkemusikar Arne Sølvberg.   Foto: presse

Nyhende

Consonanz à 4 er ein kvartett som består av dei fire profesjonelle songarane Wiltrud de Vries (sopran), Annette Gutjahr (mezzosopran), Bernhard Scheffel (tenor) og Allan Parkes (bass). Alle dei fire er frå Bremen i Tyskland. Gruppa har reist rundt og hatt konsertar med stor suksess i mange land rundt om i verda, og laurdag held dei konsert i Eid kyrkje. Dette er ikkje første gongen dei syng i Eid kyrkje. I 2009 vart dei invitert til å delta i Aftenmusikk, og no kjem Consonanz à 4 altså tilbake.

A-cappella

Consonanz à 4 har spesialisert seg på å framføre a-cappella musikk frå 19. og 20. århundre. Difor, under konserten i Eid kyrkje, tek dei med publikum på ei musikalsk rundreise i Europa som inneheld musikk frå Ravel, Poulenc, Elgar og Finzi og Rheinberger.

Fleire med

I tillegg til Consonanz à 4, deltek også organist Ralph J. Cupper, og folkemusikar Arne Sølvberg under konserten i Eid kyrkje komande laurdag.