Steinras stengjer veg mellom Dombestein og Davik

Nyhende

Statens vegvesen melder at Fv. 616 mellom Davik og Dombestein ved Høgeneset er stengt inntil vidare på grunn av steinras. Fleire store steinblokker har rasa ned på vegen. Ifølgje NRK er det usikkert om vegen vert opna att i dag.

Oppdatering:

Vegen vart opna att for fri ferdsel ut på ettermiddagen.