No kan du besøke cruiseskipet AidaPerla

Tysdag 21. mai kjem det første cruiseskipet til kai på Nordfjordeid. No får 25 frå lokalbefolkninga tilbod om å vere med om bord.

Først og sist: AidaPerla er første cruiseskipet som kjem til kai på Nordfjordeid. 25 frå lokalbefolkninga får no tilbod om å vere med om bord.  Foto: Pressefoto

Gleder seg: – Det er litt sånn først til mølla-prinsippet, seier Eli Førde Aarskog.  Foto: privat

Nyhende

– Dette tilbodet har vi akkurat fått. Det vil bli plass til ei gruppa om ettermiddagen. Då inviterer vi representantar for lokalbefolkninga. Gruppa vil bestå av om lag 25 personar, fortel Eli Førde Aarskog i ei pressemelding.

Først til mølla

Dei som er interessert i å få vere med om bord kan sende e-post til elifordeaarskog@gmail.com eller skrive seg opp på Port of Nordfjordeid si facebookside.

– Her blir det litt sånn først til mølla ... Det er gratis, men du må ha gyldig pass, opplyser Førde Aarskog.

AIDA Cruises ønskjer også å invitere politikarar og presse til ein Ships Tour på føremiddagen. Dei får kome om bord, få full omvising, informasjon om korleis skipet er drifta og kva dei gjer for å ta gode miljøomsyn.

Kjem til salutt

Tidleg på morgonen den 21. mai kjem Aida Perla sigande inn Eidsfjorden, og blir møtt med salutt som høver seg eit førstegongsanløp. Dette er eit av verdas mest moderne cruiseskip. Det er stort og mektig.

– Reiarlaget AIDA Cruises, er glad for å kunne ta skipet med passasjerar og mannskap til Nordfjordeid. Dei har store forventningar til Port of Nordfjordeid. Dei har valt ut mange av utfluktene som er tilrettelagt frå Nordfjordeid, og melder om utselt skip og godt sal av utflukter. Skipet kjem heile seks gonger før sesongen er over i 2019, opplyser Førde Aarskog.

På Nordfjordeid jobbar mange hektisk for å gjere alt klart til denne historiske dagen.

– Eid er kjent for sitt gode vertskap, og til meir som er godt planlagt, til betre resultat, fortel ho.