Utavskåpet-kunstnar på Det kreative rom

Marcus stiller ut kunst

Marcus Haus (23) frå Nordfjordeid er ein av skåpkunstnarane i Det kreative rom i AMFI Nordfjord.

Marcus Haus stiller ut kunst i Det kreative rom i AMFI Nordfjord. 

Eg ynskjer at andre skal få sjå det eg lagar

Nyhende

– Eg ynskjer at andre skal få sjå det eg lagar og håpar at andre likar det eg lagar og at eg kan inspirere andre til å teikne sjølve, seier han.

I tillegg til jobben på Europris er Haus aktiv symjar, og i 2015 deltok han på Special Olympics. Der fekk han i møte Michael Phelps, som er ein av verdas beste symjarar og symje stafett saman med han. No har han også teikna Phelps.

– Eg fekk spørsmål frå ei dame som jobbar i Special Olympics Norge og kjenner Phelps, om å teikne han og meg sjølv utifrå eit bilde som vart teke av oss. Det har eg gjort, og det skal sendast til Michael Phelps. Det er stas, seier Haus.

Viser fram kreativiteten

Bileta Marcus Haus stiller ut er laga dei to siste åra. Det heng allereie i Det kreative rom slik at folk kan stikke innom og sjå. Han brukar blyant, tusj, airbrush, penn og vassfargar til arbeida sine, og brukar fargar, linjer og kontrast som verkemiddel.

– Den fyrste draken eg teikna, og det fyrste arbeidet med airbrush, er med på utstillinga, fortel han.

– Det er kjekt å vise fram kreativiteten blant alle dei som bur i område, fortel Åse Huse som er ein av dei som hjelper skåpkunstnarane på plass i galleriet.