Konfirmantane får mindre

Foreldre og konfirmasjonsgjester gir mindre pengar til konfirmanten i år, etter to år med aukande gåvesummar.

Konfirmanttid: Konfirmantane får truleg mindre gåver i år, viser ei undersøking.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Ifølgje ei undersøking Ipsos har gjort for DNB kuttar konfirmantforeldre gåvebeløpet med meir enn 2.000 kroner frå i fjor, og konfirmantar kan i år vente seg 10.848 gåvekroner i snitt frå opphavet

Det er ikkje berre foreldre som held igjen på pengesetlane. I år kan konfirmantane vente seg nokre hundrelappar mindre både frå besteforeldre, onklar og tanter og andre konfirmasjonsgjester, ifølgje undersøkinga.

I ei tilsvarande undersøking i fjor svarte foreldre at dei i snitt gir 13.000 kroner, besteforeldre svarte at dei gir 7.500 kroner, medan gjester og andre svarte at dei gir 900 og 400 kroner i konfirmasjonsgåve. Til saman fekk konfirmantane i snitt 52.000 kroner på gåvebordet.