- I dag bør folk kome på Plassen og høyre Robert Mood tale

Leiv Johnny Endal er klar i si tale. - I dag bør folket i Nordfjord kome på Plassen for 8. mai-markering, og høyre Robert Mood tale, seier han.

  Foto: arkivfoto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Han vil gjere folket i Nordfjord merksame på at ein i dag har ein spesiell personlegheit som talar i samband med 8. mai-markeringa på Plassen, nemleg Robert Mood.

- Dette er ein person eg lærte å kjenne frå mi tid i Forsvaret, og spesielt i utanlandsteneste i Kosovo i 1999/2000, då Mood var sjefen for Telemarkbataljonen og NATO-oppdraget vi var på i Kosovo, seier Endal.

- I mine auger han ein heilt fantastisk militærsjef og framsynt leiar, frå si tid i Forsvaret. Han presenterte ein heil ny og moderne leiar/sjef, og var ein slags frontfigur på det nye moderne leiarskapet som kom inn i Forsvaret kring årtusenskiftet. Ein særdeles frittalande og tydeleg person som berre "osar" av visdom, militærfagleg kunnskap, handlekraft, tryggleik og ei enorm respekt for enkeltmennsket og den einskilde soldat. I dag stiller han som President i Norges Røde Kors!, opplyser Endal.

- Til alle som framleis set pris på vår fridom, vårt forsvar, frivilligheit og kongeriket Norge, møt opp og vis dette ved delta på 8. mai-markeringa på Eid, og lytt til dei flotte talane knytt til denne markeringa, deriblant også Robert Mood, oppfordrar Endal.