Lærlingar får studentrabatt

Fylkestinget har bestemt at lærlingar no får studentrabatt på kollektivtransport på linje med elevar og studentar. Elev- og lærlingombod, Venke Nordeide, har ivra for dette i fleire år og jublar.

Venke Noredeide, Elev- og lærlinombod i Sogn og Fjordane, har ivra for studentrabatt for lærlingar i lang tid.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

– Dette var eit godt og etterlengta vedtak for alle lærlingane våre. Dei er under vidaregåande opplæring og har kjent det urettferdig at dei ikkje har fått den same rabatten på kollektivtransport som elevane. Lærlingløna er ikkje høg, og både lærlingar og foreldre har vore opptekne av dette, fortel Nordeide.

Det var under fylkestingsmøtet 24. april at fylkestinget vedtok å inkludere lærlingane i studentrabatten. Rabatten kjem til å gjelde seinast frå hausten av, og fylkeskommunen er i gang med å få på plass det praktiske med ordninga.

Samferdsleavdelinga jobbar no med å avklare kva som skal gjelde som bevis, for å sikre praktiske og gode løysingar for både lærlingar, bussjåførar og mannskap. Alle operatørar må også informerast, slik at dei er kjende med ordninga før ho startar opp.