Aukar opp i Førde/Moskog

Vil avvikle på Nordfjordeid

Det blir fint lite igjen av tilboda på trafikkstasjonen på Nordfjordeid dersom Statens vegvesen sitt forslag til ny struktur vert vedteke. Her i fylket vert det lagt opp til at det aller meste vert samla i Førde.

TABELL 1: Nordfjordeid og Sogndal er blant dei stadane som ser ut til å bli ofra i regjeringa si reform av trafikant- og køyretøyområdet som skal legge til rette for framtidsretta, brukarorienterte og effektive tenester gjennom ein ny tenesteleveransemodell og -struktur. Grått betyr at tilbod blir avvikla, gult betyr ambulerande bemanning.  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

I forslaget frå Statens vegvesen om «Ny tjenesteleveransemodell og tjenstestruktur på TK-området» er det einaste som er igjen ambulerande bemanning når det gjeld teoriprøve og førarkort for personbil.