350.000 kr til kulturminne i Eid

Pengedryss til kulturminner

Kulturminnefondet løyver 350.000 kroner til restaurering av ein låve/fjøs i Remmedalen i Eid.

Feigum er eit sagbruk frå 1700-tallet, som blei bygd om og på frå oppgangssag til vanlig vanndrive sagbruk på 1900-tallet. Sagen inngår som et element i eit større industrimiljø ved utløpet av elva Feiga. Eigarane av Feigum har fleire gangar fått støtte frå Kulturminnefondet, og i år har dei fått like over 600.000 kroner til mølla på staden.   Foto: Kjell Feigum

Nyhende

Ni eigarar i Sogn og Fjordane får til saman 2,2 millionar kroner i støtte til private kulturminne frå Kulturminnefondet. For utan låven/fjøset til Olav Kandal i Remmedalen i Eid har fondet også delt ut til åtte andre private kulturminne:

Skykkja på Øvre Tveit, Peder Tveit, Askvoll, 56.000 kr.

Det gamle tunet på Høgi - stabburet, Merete Høgi, Luster, 280.000 kr.

Løa på Dragsvik, Anne Randi Farnes, Balestarnd, 120.000 kr.

Feigum mølle, Kjell Feigum, Luster, 633.000 kr.

Gamlebua i Stavang, Andre Haave, Flora, 100.000 kr.

Naustet i Skjerdalen, Arne Skjerdal, Gloppen, 200.000 kr.

Naust, Alt Tore Hommedal, Vik, 300.000 kr.

Lagerhus på Ålrek, Ragnar Alrek, Vik, 140.000 kr.

Dette er første tildeling i år. Kulturminnefondet har slutta med ein årleg søknadsfrist, og gir no støtte til kulturminne over heile landet kontinuerleg i 2019.

I årets første kvartal er det behandla 488 søknader, der det er søkt om 220 millionar kroner til saman. 283 prosjekt har blitt gjeve støtte, men ei samla sum på nesten 58 millionar kroner.

- Dei seinare åra har tilskota frå Kulturminnefondet til private eigarar av verneverdige kulturminne blitt dobla. Kulturminnefondet sikrar viktige kulturminne over heile landet på ein effektiv og målretta måte. Å ta var på kulturarven er godt for miljøet, det gjer lærdom om historia vår, og det skapar aktivitet og arbeidsplassar over heile landet, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen i ei pressemelding.

Det er svært gode tilbakemeldingar på løypande behandling av søknadar frå private eigarar som vil setje i stand sine kulturminne, og tida Kulturminnefondet brukar på saksbehandling har gått kraftig ned.

- Innføringa av løypande søknadsbehandling har skjedd etter forslag frå eigarane av kulturminna. Eg er svært tilfreds med at det no fører til enklare søknadsbehandling og raskare saksbehandlingstid, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.