Irritert over tomme flaggstenger 1. påskedag

Nyhende

– No må folk skjerpe seg og sjå til å få opp flagga 1. påskedag. Det seier ein svært irritert innringar som misliker å sjå tomme flaggstenger på ein slik dag. Og det er slett ikkje berre fordi folk ikkje er heime. Barn leika ute i hagen, men flagget mangla. Vår innringar heiste sjølvsagt flagget sjølv og såg at mange andre også hadde gjort det same, men så var det altså i tillegg altfor mange tomme stenger rundt om i bygda.