Ja til nybygg i Honningsvåg

Eit samla Selje formannskap seier ja til at eit par kan byggje hus i strandsona i Honningsvåg på Stadlandet.

Opphevar vedtak: Selje-ordførar Stein Robert Osdal og eit samla formannskap opphevar administrasjonen sitt avslag om bygging av bustad i strandsona i Honningsvågen. 

Nyhende

Det har vore ein lang diskusjon om Rune Ervik skal få byggje hus kort veg frå stranda. Alle instansar har så langt sagt nei. No støttar formannskapet ei utbygging.