Fekk feststemte hauarar til å gapskratte

Stramme karar i trikot og massakre av vikingskipet var berre noko av ingrediensane på årets påskerevy på Haugen.

Miksstafett med partnarbytte: På Haugen har dei ifølgje påskerevyen utarbeidd eit forprosjekt for å få fleire innbyggjarar til bygda. Karane måtte hentast inn utanbygds frå, medan bygdejentene var villige. Stramme karar i trikot fekk hauarane til å gapskratte.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Språkproblem oppstår når ein ikkje er så god i framandspråk medan cruiseturistane får omvising på Haugen med traktor.

Nyhende

God stemning og finurlege skråblikk på lokale forhold fekk til tider det feststemte publikummet til å gapskratte av påfunna på scena.