Felles dugnad for Malakoff

-Ta med riva og bli med

Tysdag etter påske er det ryddedugnad i Malakoff på Nordfjordeid.

Dugnad malakoff: Første tysdagen etter påske er det klart for vårdugnaden i Malakoff/Plassen. Bildet er frå rakedugnaden i fjor, her med ein gjeng frå Rotary.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes (Arkiv)

Det går fortare til fleire ein er.

Nyhende

– Ta med riva og bli med. Det er alltid plass til ein til, fastslår Margrete Sunde i Plassens Venner.

Det er eit formidabelt arbeid å rydde det store området etter vinteren. Det er gjerne russen, Rotary, husflidslaget, hundeklubben og Eid MC-klubb som pleier å stille opp, men Sunde presiserer at området er brukt av mange fleire.

Fleire engasjerte

– Skal vi klare å halde Plassen ved like så treng vi fleire engasjerte. Veldig mange brukar området, slik som barnehagar og ved bursdagsfeiringar. For oss er vårdugnaden det store løftet, og det er kjempekjekt å vere med. Alle som stiller får også pølse med brød og drikke, konstaterer Sunde. Fellesdugnaden består stort sett av å rake og rydde.

– Det går fortare til fleire ein er. Ta gjerne med eiga rive, oppfordrar ho.

– Vi er kjempeheldige at vi har eit så flott område til allmenn bruk, seier ho.

Utan leiar

Nyleg hadde Plassens venner ei ekstraordinær generalforsamling.

– No har vi fungert to år utan leiar. Det er forferdeleg vanskeleg å få folk til å stille opp, men vi har fått det til å fungere. Vi har driftige folk som har vore med ganske så lenge, men det er grenser for kor lenge vi kan få det til å gå i hop, seier ho.

Det nye styret for Plassens venner er: Freddy Sørgulen, Inger Lise Nordnes, Ole Hermann Ludvigsen, Geir Magne Nes, Ole Alsaker, Oda Benedikte Aabrekk Natland, Ole Kristian Os Utnes og Margrete Sunde.