Etterlyser vinnar av 89 millionar kroner

Norsk Tipping etterlyser storvinnar av 88.922.210 kroner i Vikinglotto.
Nyhende

Skjærtorsdag formiddag har dei framleis ikkje fått tak i personen som vann nesten 89 millionar kroner i Vikinglotto onsdag.

Ein heldig norsk vinnar prikka inn 6+1 rette i Vikingslotto onsdag kveld, og er dermed åleinevinnar av Vikinglotto-potten. Den heldige vinnaren vann dermed 88.922.210 kroner.

Dei har forsøkt å få tak i vinnaren etter trekninga, utan hell, heiter det i ei pressemelding.

Har du ubesvarte anrop frå 625 60 000, så kanskje du er den heldige vinnaren?