Lagar plass til fleire

UTVIDING: Teikning: Nordplan  Foto: Teikning: Nordplan

Nyhende

Nordplan AS har på vegner av tiltakshavar Eid kyrkjelege Fellesråd utarbeidd ein reguleringsplan som legg rammer og føringar for utviding av eksisterande gravplass ved kyrkja i Kjølsdalen.

Føremålet med planarbeidet er å stadfeste dagens bruk av gravplassen og å legge til rette for

utviding av eksisterande kyrkjegard på ein effektiv måte, slik at ein oppnår betre kapasitet og eit attraktivt område for denne bruken i nær tilknyting til eksisterande kyrkjegard. Det vert også lagt til rette for framtidig utviding av parkeringsareal med mål om å auke kapasitet på dette formålet.