Telenor har utsett setralkutt

Ein del bygder blir likevel ikkje nedkopla

Telenor har utsett nedlegging av telesentralar i Holmøyane, Hundeide, Heggjabygda og Hennebygda fram til 31.12.2020. Også varsla stopp i feilretting i desse bygdene vert stilt i bero.

PAUSE: Ein del husstandar i Eid har stått i fare for å bli fråkopla omverda, men no blir det ein pustepause. Det er Eid-ordførar Alfred Bjørlo og avdelingsleiar Hans Peter Eidseflot glade for.  Foto: Anna Wuttudal

Utfordringa no framover vil bli å syte for fortgang i fiberutbygginga.

Nyhende

– I Heggjabygda ville ein del faktisk stått utan forbindelse med omverda, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo og leiar for kommunalteknikk i Eid kommune, Hans Peter Eidseflot. Dei er glade for at Telenor no snur og gjev ein pustepause.