Malakoff 2019

Plakaten klar – lovar tidenes beste Malakoff

– Neste Malakoff blir alltid den beste, konstaterer festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Plakaten full: Malakoff Rockfestival går av stabelen 18.-20. juli. Kva artistar som vert å finne på årets Malakoff er no klart, her med festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal og Helga Didrikke Sundal, som jaktar etter frivillige.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Plakaten til årets Malakoff Rockfestival er no fullstendig. Her finn ein mellom anna namn som Weezer, Bastille, Sigrid, Madrugada, Kvelertak, Bigbang, The Vaccines og Graveyard.