–Nytt statleg angrep på distrikts-Noreg

Statens Vegvesen vil legge ned 22 statlege fagmiljø i distrikta.

– Dersom Statens Vegvesen sine nye forslag om å flytte folk og tenester vekk frå distrikts-Noreg blir godkjent av Regjeringa, er ikkje den nye Regjerings-erklæringa verdt papiret ho er skriven på, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, i ei pressemelding.   Foto: Arkiv

Nyhende

– Dersom Statens Vegvesen sine nye forslag om å flytte folk og tenester vekk frå distrikts-Noreg blir godkjent av Regjeringa, er ikkje den nye Regjerings-erklæringa verdt papiret ho er skriven på. No må det vere slutt på fine ord og flosklar om å satse på distrikta, samtidig som staten sjølv rømmer hals over hovud inn til dei største byane.

Det seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (Venstre), i ei pressemelding og kommentar til Statens Vegvesen sin delrapport om ny tenestestruktur for trafikantretta tenester, som ved inngangen til påska vart offentleggjort og sendt på ei såkalla "begrensa høyring" med kort frist.

I rapporten foreslår Statens Vegvesen å legge ned 22 tenestestader i distrikts-Noreg for trafikantretta tenester, herunder Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Statens Vegvesen innrømmer sjølv i rapporten  at forslaget betyr lenger reiseveg for folk og næringsliv i distrikta, og ein reduksjon i statlege arbeidsplassar i distrikta.  

Samtidig er trafikkstasjonane i dag også base for andre statlege forvaltingstenester innanfor SVV. Dermed får ei nedlegging av trafikkstasjonane i praksis langt større negative følgjer for distrikts-Noreg enn det som går fram av rapporten.

– Det er nær sagt ufatteleg at Statens Vegvesen i vår moderne tidsalder, der ny teknologi gjer det mogleg å bygge opp kompetansemiljø desentralisert, framleis tenkjer så gammaldags og konservativt, seier Venstre-ordførar Alfred Bjørlo.

– Rapporten inneheld ikkje eit fnugg av forsøk på å syne korleis ein kan bygge opp moderne, desentraliserte tenester der fagfolk kan sitje lokalt og tilby tenester over heile landet: Alt handlar om korleis ein kan legge ned mest mogleg i distrikts-Noreg, og flytte folk og bygningsmasse inn til større sentra og storbyar.

– Samtidig har heile prosessen vore prega av å vere eit reint spel for galleriet frå Statens Vegvesen si side. Vi som har spelt inn synspunkt undervegs har ikkje ein gong blitt funne verdige til å få eit svar - dei har brukt tida på å blåkopiere framlegg frå innleigde franske konsulentselskap, framfor å snakke med lokalsamfunna dei no vil rasere fagmiljøa i.

– Etter mitt syn går Statens Vegvesen sin rapport rett i strupen på den nye regjeringserklæringa, som seier at Regjeringa vil "Sikre helhetlig oversikt og koordinering av flytting, nedleggelse og opprettelse av statlige arbeidsplasser. Ved strukturendringer vil regjeringen sikre en fortsatt god regional fordeling av statlige kompetansearbeidsplasser."

– Ein slik tankegang finn ein ikkje det minste spor av i det Statens Vegvesen no har lagt fram. Eg tek det som ei sjølvfølge at Regjeringa og Samferdsleministeren ryddar opp i dette når Statens Vegvesen sine rapportar om kort tid kjem på Regjeringa sitt bord - og ikkje lenger lar Statens Vegvesen vere ein "stat i staten" som er heva over nasjonale politiske signal, seier ordførar Alfred Bjørlo i Eid (Venstre).