– Kjekt og litt overraskande

HAR AMBISJONAR OM MAKT: Siri Sandvik (Ap) tek mål av seg til å bli den første ordføraren i Stad kommune. Arkivfoto 

Nyhende

– Det var kjekt og litt overraskande at vi skulle kome så bra ut. Det seier ordførarkandidat for Stad Ap Siri Sandvik i ein kommentar til den uhøgtidelege partimeiningsmålinga Fjordabladet gjorde på www.fjordabladet.no nyleg der partiet fekk heile 30,4 % av stemmene.

Fullt så høgt reknar ikkje Sandvik med at partiet vil klare å kome i kommunevalet til hausten, men dei siktar høgt.

– Vi må ha som mål å få i alle fall 25 % av stemmene. Vi vil ha makt og skal vi vere trygge på å få det, så må vi opp på såpass, seier listetoppen. Ho meiner at det slett ikkje er urealistisk og viser til at då Ap-ordførar Sonja Edvardsen vart attvalt som ordførar var Eid Ap oppe i 28 %, og før sjukehusstriden var Ap store også i Selje.

– Lokalval handlar også om personar. Vi har folk på listene som er aktive i ulike delar av lokalsamfunnet, seier Siri Sandvik.