Maria Magdalena til Kjølsdalen

Onsdag 24. april kjem Sogn og Fjordane teater til Kjølsdalen med framsyninga om Maria Magdalena.

Reidun Melvær Berge spelar Maria Magdalena. Håvard Rem står for teksten, medan Marit Østbye har regien.   Foto: Pressefoto

Nyhende

Til saman vil 15 stadar i Sogn og Fjordane få besøk frå 3. april til 28. april. Onsdag 24. april er det Kjølsdalen kyrkje sin tur. Dagen før, tysdag 23. april, blir stykket vist i Hornindal kyrkje.

Vi veit alle kva som skjer i evangeliet, men sjeldan får vi høyre det på denne måten. Historia om Jesus blir fortald gjennom kvinnene rundt han. I «Jesu virke» er ordet gitt til Maria Magdalena som fortel historia som ei augevitneskildring. Ho fortel at Jesus redda henne frå galskap og prostitusjon, og at ho hadde eit nært forhold til han. Ho var kollega, ven og kvinne.

Det er natta før palmesøndag, og natta før Jesus og følget hans togar inn i Jerusalem. Maria Magdalena fortel om sitt første møte med Jesus, om hans virke frå han vart døypt av døyparen Johannes og om påskeveka.

Gjennom Maria kjem vi nærare Jesus, men òg nærare eit historisk faktum som ofte hamnar i skuggen. I følgjet til Jesus var det fleire kvinner som også hadde ein plass i lyssirkelen rundt leirbålet, som respekterte elevar saman med læresveinane.