Blomstrane som varslar vår

Våren kjem tidlegare med løkblomstring. Lær deg korleis du skal få mest mogleg ut av dei robuste plantene.

Ein GAMMAL HAGE: I denne blomsterenga har snøklokker, klosterklokker og krokus stått i mange år. Etter kvart kjem også påskeliljer og andre løkblomstrar. Graset blir ikkje klippa før i juni.   Foto: Ingeborg Kringeland Hald /

Nyhende

Eitt av dei første teikna på vår er dei små løkblomstrane som kikkar opp frå kald jord. Først kjem gjerne snøklokkene, så klosterklokker, krokus, påskeliljeknoppar og tulipanblad. Når fuglstjerna til slutt dukkar opp, er det straks sommar.