Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland til Operahuset

Som einaste stoppestad i Sogn og Fjordane kjem Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland til Operahuset Nordfjord i november.

Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland har begge unike posisjonar i norsk musikkliv. No legg dei ut på turné saman.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Til hausten legg Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland ut på ein turné med rundt 15 stoppestadar frå Mo i Rana til Haugesund. I Sogn og Fjordane får Operahuset Nordfjord besøk, i Møre og Romsdal kjem dei til Ålesund og Fosnavåg.

Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland har ei fartstid i bransjen på over 70 år til saman. Dei har begge opparbeidd seg unike posisjonar i norsk musikkliv og blir sett på som to av våre fremste artistar. No slår dei saman to omfangsrike låtkatalogar, og publikum kan dermed vente seg ei konsertoppleving for historiebøkene.