Venke Nordeide om

Trivsel på skulen og nettet

– I dagens digitale verd kan ein løyse mange spørsmål digitalt. Men det er ingenting som kan erstatte ei samtale med andre andlet til andlet.

Besøkte Eid vidaregåande skule: Venke Nordeide, elev- og lærlingombod og mobbeombod i Sogn og Fjordane, var denne veka på Eid vidaregåande skule. Ho er oppteken av trivsel og førebygging.   Foto: Olin Maria Yri

Ein elev som sluttar, er ein for mykje. Ein elev som vert mobba, er også ein for mykje.

Nyhende

Det seier Venke Nordeide, elev- og lærlingombod og mobbeombod i Sogn og Fjordane. Nordeide reiser ofte rundt om på dei ulike vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane, og tysdag og onsdag denne veka var det Eid vidaregåande skule som stod for tur.