Konfirmantane samla inn heile 60.000 kroner

– Resultatet av innsamlinga dette året er svært godt, fastslår kyrkjeverje Kristen Hundeide.

Fasteaksjon: Då konfirmantane i Eid gjennomførte den årlege «fasteaksjonen» samla dei inn nesten 60.000 kroner.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Konfirmantane i Eid gjennomførte den årlege «fasteaksjonen» tysdag 9. april, som er ein landsdekkande innsamlingsaksjon til inntekt for Kirkens Nødhjelp.

I setlar og mynt kom det inn 58.873 kroner i bøssene.

– I tillegg rapporterer Kirkens Nødhjelp at det vart Vippsa i overkant av 11.000 kroner frå innbyggjarar i Eid kommune. Og då er vi svært nær det aller beste resultatet som nokon gong har vore på denne aksjonen i Eid, opplyser kyrkjeverja.

Ros og takk

Kyrkjeverja gir både ros og takk til dei tilsette i Kyrkja som har planlagt og organisert innsamlingsaksjonen, og til foreldra som stiller opp og køyrer konfirmantane kring om i kommunen!

– Men største takka skal gå til konfirmantane sjølve som både sprang og sykla med bøssene, og som verkeleg la seg i selen for å få eit godt resultat! Dette er eit svært verdifullt bidrag til det viktige arbeidet som Kirkens Nødhjelp driv hos dei som lid naud kring om i verda, seier Hundeide.