Kommunevalet 2019

Listene klare, snart er det opp til veljarane

Kommunevalet i Stad kommune blir svært spennande. Spørsmåla er mange. Kva utslag får vi når bygde- og tverrpolitiske lister er borte? Vil effekten vi har sett dei siste åra, for ulike parti, endrast?

Blir utfordra: Venstre og Alfred Bjørlo har hatt skikkeleg vind i segla og gjort to historisk gode val i Eid. Det blir spennande å sjå om partiet med Alfred i spissen også dreg valsigeren i land på nytt.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Sju lister er leverte inn til valstyret innan fristen. For første gong stemmer Selje, Eid og Bryggja i lag i Stad kommune. Dette gjer valet veldig ope og spanande. Det vert ved valet 9. september berre partilister slik som ein har hatt det i Eid i 40 år. I alt har veljarane på valdagen 198 namn å velje mellom.