Eid veterinærkontor tek i bruk nye lokale

I desse dagar tek dyreklinikken i bruk topp moderne lokale i eit nytt tilbygg. Utstyret er fullt på høgd med det som finst i større klinikkar i byane.

BORDER COLLIEN TINKA HALTAR: Veterinær Janne Os undersøkjer ein framfot som ikkje vil bli heilt bra etter ein komplisert operasjon. Eigar Roald Rindal følgjer med litt bekymra.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

10–11 dyrlegar er i dag knytt til klinikken. På kontoret, i resepsjonen og som assistentar jobbar det dessutan fire personar.

Nyhende

Eigaren av bygget er Jørgen Langeland som så leiger ut lokala til Eid Veterinærkontor. Han opplyser at byggjekostnadene kom på 5–6 millionar kroner. I tillegg er det kjøpt nytt utstyr for ein halv million. Så kontoret er svært godt rusta for framtida. Både husdyr og kjæledyr er sikra gode tenester om noko skulle komme på.